Wednesday, September 26, 2007

Ei reise mot det ukjente

Ei Reise Mot Det Ukjente

Den kjølige vinden stryk ho varsamt på dei mjuke kinna. Dei blå auga glitrar i sollyset. Ho står og ser ut over det turkise havet. Vinden lagar små bølger som skvulpar inn på den kvite stranda. Det er eit vakkert syn, harmonisk. Sola står aleine på den klare, blå himmelen som ein mektig majestet, ser alt og alle. Jenta plar stå slik lenge og bare sjå ut over det uendelege havet. Ho kjenner seg fri her ute, langt frå folk. Ingen bekymringar, ein beroligande stillheit. Her kan ho stå aleine og tenkje, reflektere og klarne opp i dei mørke, vonde tankane som ofte plagar ho.


I dag er ein grå dag. Ein tung dag. Dei vonde tankane har samla seg opp igjen. Dei svirrar som ei mørk sky av oske, som veks seg større for kvart sekund som går. Jenta kjenner seg liten, redd og aleine. Stillheiten her ved havet som ellers plar kjenst så trygg og berolgandes, kjennes dyster og tom. Ho kjenner seg meir aleine no enn nokon gong før. Hovudet verkar. Det kjennes så tungt. Ho let at auga, set seg sakte ned på ein stein. Den er varm, oppheta av sola. Sakte legg ho hovudet ned i hendene. Stenger verden ute, forsvinn inn i tankane.


Det heile starta då ho var 7 år. Den gong hadde ho vore ei glad lita jente utan bekymringar i livet. Alt hadde vore så lett på den tida. Ho budde i det finaste huset, med den største hagen i heile byen. I den hagen leikte ho kvar dag med vennene sine.
Ho hadde mange venner på den tida. Dei pleide å leika gjømsel. Jenta visste om alle dei beste gjømmeplassane, og vann alltid. Ho elska det. I huset budde ho samen med far og mor si. Ho var einaste barn og vart behandla som ei prinsesse. Dei var ein lykkelig familie, inntill ein dag.


Det var ein laurdagskveld, jenta hadde fått lov til å vere ekstra lenge oppe for å få sjå en film som gjekk på tv. Då ho la seg, sovna ho med ein gong. Same kvelden hadde faren vore ute på byen. Då han kom heim, hadde han vore ganske berusa. Jenta vokna då ho kjente pusten hans mot ansiktet hennar. Den lukta sterkt av alkohol. Før ho fekk gjort noko som helst, hadde han putta ein sokk i munnen hennar, før han starta å kle av ho. Ho kjente hendene hans over alt på den vetle kroppen hennar. Han var grådig og hardhendt. Dei hjelpeslause skrika vart stoppa av sokken. Då han jekk var ho redd. Ho skjønte ikkje heilt kva som hadde skjedd, ho var så lita.


Med jevne mellomrom kom faren inn til ho om kveldane. Han gjekk stadig lengre og hardare fram. Slik holdt han på til jenta var 15 år, då han og mora skilte lag.


Etter fleire år med misshandlig vart jenta meir og meir innelukka. Ho stolte ikkje lenger på nokon, og mista sakte men sikkert alle dei vennene ho ein gong hadde leikt gjømsel med heime i hagen. Ho kjende seg tom og utan livskraft. Faren hadde flytta ut. Langt vekk. Likevel var ho redd ho skulle treffe på han kvar gong ho gjekk ute på gata. Ofte såg ho menn som ligna faren. Ho fekk frysningar nedover ryggen, svetta
prøvde gjemma seg i folkemenga. Kvar dag følte ho seg utrygg, aleine. Kva hadde ho
egentlig i denne verda å gjere? Ho vart stadig meir sky. Stolte ikkje på nokon. I denne tida gjekk ho ofte ut til havet for å klarne tankane. Den friske lufta og saltlukta frå havet gjorde godt for henne. Ho følte seg alltid betre når ho hadde vore der.


Med åra fekk ho seg ein kjærast. Frykten for menn var der framleis, men det var noko med denne guten som fekk ho til å kjenne seg trygg. Han var ikkje som andre gutar ho hadde møtt, eller som faren. Han var snill, brydde seg om ho. Han fekk ho til å le. Ho kjende seg trygg i hans armar. Han ville aldri finna på å pressa ho til noko, gjere noko ho ikkje ville.


Ein kveld hadde dei vore på kino. Ho hadde blitt med han heim til leiligheiten hans. Alt hadde vore så perfekt. Dei låg sammen på sofaen og koste seg med kvar sitt glas vin. Leppene deira møttes i lidenskapelige kyss. Han hadde vinglaset på bordet og førte handa sakte under genseren til jenta. Jenta prøvde vri seg vekk, men guten vart stadig meir ivrig. Ho prøvde skubbe han av seg. Bildene av faren dukka opp i hovudet hennar. Bilder av ein far som hadde tatt livsgleda frå ho. Guten hadde drege av ho buksa. Ho kjende seg livlaus, mista all kraft til å gjere motstand. Det var som om ho stupte inn i gamle minner. Vonde minner.


Guten var ferdig. Han hadde gjort sitt. Låg over ho, naken, sovande. Ho skubba han av seg. Drog på seg buksa, sprang ut i natta. Den kjølige lufta slo imot ho. Jenta
sprang. Sprang alt ho makta, bort frå han. Han var ikkje den den gode, snill guten ho hadde forelska seg i. Eit monster var han. Eit uhyre. Hjarta dunka, pulsen steig. Ho lukka auga, kobla ut alle tankar, lot berre beina gå. Dei førte ho mot havet. Det var begynt å lysna då ho kom fram. Den utsletne kroppen falt mot bakken. Tom for kreftar, sloknar.


Ho vaknar av sollyset som treff auga hennar. Det er kjølig vind. Jenta reiser seg forsikitg opp på dei spinkle beina. Den kjølige vinden stryk henne varsamt på dei mjuke kinna. Dei blå auga glitrar i sollyset.


Ho ser opp. Ei tåre renn nedover kinnet. Den tørkar inn i huda. Jenta løftar forsiktig hovudet opp mot sola, blir blenda. Enda ei tåre renn frå augekroken. Den treff steinen ho sit på. Sola tørkar raskt den lille våte flekken. Brått forsvinn alle tankane. Den mørke oskeskya løsnar opp, forsvinn. Det er ingenting igjen. Tomt. Jenta kjenner seg letta. Ho er klar. Ho reiser seg opp, ser utover havet. Utsikta er mykje finare oppe frå klippene tykkjer ho. Sakte går ho mot stupet. Ho er roleg, pulsen er låg. Jenta stoppar. Ho er framme no. Med eit smil tar ho det siste steget. Steget utfor stupet, mot havgapet. Første steg på reisa mot det ukjente. Døden.



Ikkje skyt meg p.g.a. skrivefeil. Eg veit de e der.

Comments? (a)

1 comment:

Anonymous said...

Syns du e flinke eg, Tora! I(: