Tuesday, September 23, 2008

Hola amigos

Eg e no endelig ferdig me power pointen min om Bolivia, og eg e lei av å øva på å huska an utenatt ,på spansk. Så no satse eg berre på at da ikkje går så aller verst i måro, og at da vertfall ser ut så eg kan litt spansk...eh..
Akkurat no glede eg meg bare mykje te helgo. Då skal eg te Oslo me familien. Me ska bu på hotel og gå på ikea. Forhåpentligvis skal me gå på operataket, og forhåpentligvis skal eg få kjøra. Eg trenge og å kryssa fingrane, og alt anna som kan kryssast, for at eg ska klara å bruka minst mulig pengar. Helst ingenting, nesten. Kontoen min e nemmelig inne i ei dårlig utvikling. Eg har komme fram te at eg trenge ein jobb, men så longt e da ingen jobbar så trenge meg. Tragisk situasjon.

No må eg gå med bosset.
Adios amigos!

No comments: